Mobilmenu
Mobilmenu
Hem
Om SFPO
Bli medlem
Medlemmar
Kommittéer
Styrelsen
Stadgar
Om Svenskt fiske
Medlem
Medlemsinfo
Bli medlem
Kvotbörs
Försäkringar
Fiskerapport
MSC
Frågor och svar
Uppförandekod
Spårbarhetscertifiering
Siklöja
Nordhavsräka
Havskräfta
Hållbarhet
Selektiva redskap
WWF-projekt småräka
Sälsäkra redskap
Nyheter
Länkar
Kontakt

Nyheter


2018-01-09

Forslag til regulering av leppefisk i 2018

Fiskeridirektoratet har nå handsama innspel frå Reguleringsmøtet om regulering av leppefisk i 2018, og rår til at fisket etter leppefisk blir lukka og regulert med totalkvote og fartøykvotar, subsidiert regulert med ei stor lukka gruppe og ei mindre ope gruppe.

leppefisk.jpg

Fisket etter leppefisk har blitt nokså betydeleg etter kvart og i år vart det fiska i overkant av 27 millionar fisk.

Med bakgrunn i eit veksande fisketrykk og stigande uro for bestandane av leppefisk langs kysten foreslår Fiskeridirektoratet no å lukke fisket og regulere fisket med ein totalkvote på 18 millionar fisk og med individuelle fartøykvotar.

Totalkvote

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsatt deltakarforskrifta for neste år for alle typar fiskeri, bortsett frå fiske etter leppefisk, som vil bli fastsatt litt utpå nyåret.

Fiskeridirektoratet foreslår at fisket etter leppefisk blir regulert med fartøykvotar innanfor ein totalkvote på 18 millionar stykk fisk. Med bakgrunn i dei foreslåtte deltakarkriteria vil om lag 400 fartøy vere kvalifiserte til å delta i lukka gruppe.

Dersom fisket blir delt mellom ei lukka gruppe og ei ope gruppe foreslår Fiskeridirektoratet at 90 prosent skal tildelast lukka gruppe og 10 prosent til ope gruppe.

Dette vil i så fall tyde at lukka gruppe kan fiske 16,2 millionar fisk, og ope gruppe 1,8 millionar fisk, noko som vil kunne gi henholdsvis om lag 40 000 fisk og om lag 6000 fisk som fartøykvotar. Nærings- og fiskeridepartementet vil avgjere deltakartkriteria for fiske etter leppefisk.

Same datoar i 2018

Fiskeridirektoratet foreslår at opningsdato i 2018 skal vere som i år, 17. juli på Sør- og Vestlandet og 31. juli i Midt-Norge.

I år vart fisket etter leppefisk stansa 20. november. I tillegg vart det innført ei midlertidig stopp i fisket i perioden 30. september til og med 23. oktober. Fiskeridirektoratet foreslår å stoppe fisket 1. november neste år i alle tre områda.

Det har kome innspel i høyringsrunden om talet på redskap som den enkelte fiskar kan bruke skal redusertast i områda Vest-Norge og Midt-Norge, men Fiskeridirektoratet har landa på at redskapmengden bør vidareførast i 2018.

Det betyr inntil 100 teiner og ruser til saman i Sør-Norge og inntil 400 i Vest- og Midt-Norge.

 

Länk till nyhten i original: https://www.fiskeridir.no/Yrkesfiske/Nyheter/2017/1217/Forslag-til-regulering-av-leppefisk-i-2018




Arkivet.

Du är här:   Nyheter