Mobilmenu
Mobilmenu
Hem
Om SFPO
Om Svenskt fiske
Medlem
MSC
Hållbarhet
Nyheter
Länkar
Kontakt

Nyheter


2017-09-06

Amerikahummar kan ha født i Haugesund

amerikanshummar

Den uønskte amerikanaren blei fanga utanfor Røvær i Haugesund. Tomme eggkapslar viser at hummaren nyleg har klekt opptil 60.000 like uønskte "baby-humrar".

Det var krabbefiskar Kjell Kristian Mikkelsen som fekk den mistenkelege hummaren i sommar. Han tok kontakt med Havforskingsinstituttet på Facebook, og spurde om vi ville overta fangsten. Hummarforskar Ann-Lisbeth Agnalt heiv seg over telefonen.

Kan true norsk hummar

– Bilda Mikkelsen sende oss, viste ein amerikansk hummar som var hardt ramma av skalsjukdom. Skalet var mjukt, og hadde opne sår. Vi ville teste DNA for å forsikre oss om at hummaren var amerikansk, og gjerne ta ein bakterietest av skalet, fortel Agnalt.
 
Amerikanske humrar er uønskte i norsk natur fordi dei kan bere sjukdommar vi ikkje vil ha i våre farvatn, slik som shell disease og gafkemi. Dei kan også pare seg med norsk hummar, som i utgangspunktet er ein svak bestand. (Les også: Hybridhumrar i puberteten kan gi dårleg nytt). I 2016 blei det forbode å importere levande, amerikansk hummar til Norge.
 
Krabbefiskaren Mikkelsen sette hummaren på båten til ein kunde som han visste skulle heim til Bergen. Dermed kunne havforskarane spasere frå kontoret og ned til kaien for å hente eska med den framande arten.

Gispa over synet

– Då vi snudde på hummaren gjekk det eit gisp gjennom rommet. Ho var tydeleg amerikanar, men ho hadde også tomme eggkapslar på buken. Det betyr at ho nyleg har klekt mellom 40.000 og 60.000 hummarlarvar. Frå klekking driv larvane med straumen i tre veker, før dei slår seg ned på havbotnen.
 
DNA-prøver av eggkapslane, har ikkje gitt eintydige svar, kanskje fordi egga var gamle. Men forskarane ser ein DNA-markør som er vanleg hos europeisk hummar. DNAet bekrefta at hummarmora var amerikansk. Dette kan bety at avkommet er hybridar.
 
– I så fall har hummaren vore i norsk farvatn sidan i fjor sommar og latt seg befrukte av ein norsk hann. Om hummarlarvane er amerikanske eller hybridar, likar eg uansett ikkje tanken på at dei no kan gå rundt på botnen i Røvær, seier Agnalt.

Måtte avlive

Hummaren viste seg å vere i så dårleg forfatning at forskarane såg seg nøydde til å avlive den før dei ville rekke å analysere bakteriar i skalet.
 
– Det var tydeleg at hummaren leid. Skalet var så hardt ramma at sjølve kjøtet låg opent fleire stader. Ho var apatisk, og dyrevelferd måtte komme først, fortel hummarforskaren.

Fiskarane følger med

Ei teoretisk kjelde til amerikansk hummar i norsk natur, er at uappetittlege individ blir dumpa frå skip med hummar på restaurantmenyen. Tidlegare har amerikanske humrar vore fiska nær hamner, men denne blei fanga i skjergarden, unna viktige skipsleier. Funnstaden er dermed noko mystisk.
 
– Eg håpar vi slepp å finne fleire amerikanske humrar i Norge, men fryktar at problemet er større enn vi veit, seier Ann-Lisbeth Agnalt.
 
– Vi lokale fiskarar skal følge med, melder Kjell Kristian Mikkelsen frå Røvær.
 
 
 
 



Arkivet.

Vad är SFPO?

Sveriges fiskares producentorganisation (SFPO) är Sveriges största organisation för yrkesfiskare och jobbat för att tillvarata våra medlemmars intressen.

SFPO har ca 250 medlemsfartyg. Våra medlemmar fiskar fisk och skaldjur och finns längs hela Sveriges kust, från Strömstad på norra Västkusten hela vägen till Haparanda längst uppe i norra Bottenviken.

Läs mer

Vad är MSC?

För SFPO och våra medlemmar är hållbarhet en viktig grundprincip. Flera av de fisken som SFPO:s medlemmar ägnar sig åt är MSC-certifierade och processen pågår för att certifiera ännu fler fisken.

Det senaste dryga decenniet har intresset för MSC-certifiering ökat enormt bland konsumenter, fiskerier, livsmedelskedjor, fiskhandlare och grossister som säljer fisk till konsumenter.

Läs mer

Våra medlemmar

SFPO är Sveriges största yrkesfiskeorganisation, med runt 250 medlemsfartyg. Medlemmarnas fartyg finns i olika fisken längs hela kusten är från under 5 meter i längd till strax över 34 meter.

Alla yrkesfiskare är välkomna som medlemmar!

Läs mer

Kontakta oss

Peter Ronelöv Olsson (Ordförande)
0705-55 31 87
[email protected]

Fredrik Lindberg (Ombudsman)
0705-70 41 14
[email protected]

Marika Nilsson (Ekonomiansvarig)
0708-93 89 88
[email protected]

Malin Skog (Hållbarhetsansvarig)
0700-36 96 26
[email protected]

Läs mer