Nyheter
- Vi ville bygge verdas mest miljøvenlege fiskefartøy
Eit ønske om å bygge verdas mest miljøvenlege fartøy gjorde at Liegruppen gjekk for LNG som drivstoff på ringnotfartøyet Libas. Libas er i dag den einaste fiskebåten som brukar gass som drivstoff.
Heilt utan utfordringar er det likevel ikkje å vere først i løypa, men det meste har gått bra kunne Bjarne R. Haldorsen i Liegruppen fortelle til årsmøtet i Fiskebåt Sør.
- Meirkostnaden i forhold til å bygge ein tilsvarande dieselbåt var på mellom 80 og 100 millionar kroner. Skulle vi gått for ammoniakk eller hydrogen hadde nok prisen blitt langt høgare, seier Haldorsen.
Bunkar frå tankskip
Ei anna utfordring er infrastruktur i forhold til bunkring, men dette har reiarlaget funne løysingar på.
- Vi brukar ship to ship-bunkring, som vil seie at vi bunkar direkte frå tankskip. Dette har vi gjort heilt frå Egersund i sør til Sandnessjøen i nord. Så er det mykje snakk om kostnader. Historisk har LNG ligge rundt 10 prosent under diesel, men i dag er gassprisane nokså høge så no er det dyrare, men det reknar vi med vil stabilisere seg igjen i løpet av 2022, seier Haldorsen.
Generelt er nye drivstoff meir kostbare enn fossile, men Johannes Eldøy i Salt Ship Design som har designa Libas, viser til at dette truleg kjem til å endre seg.
- Vi reknar med at det vil kome eit kryssingspunkt i pris på drivstoff ein gong mellom midten av 2020-talet og midten på 2030-talet, seier Eldøy.
Mange faktorar
Jan Ivar Maråk i Fiskebåt som også hadde eit innlegg i klimadebatten på Fiskebåt Sør-årsmøtet, peika på at det er mangelfull statistikk. Likevel peikar tendensen i same retning, og siste året har det samla forbruket for fiskeflåten auka.
- Det er mange faktorar som virkar inn, og blant anna har manglande fiskeriavtale med Storbritannia ført til at all makrellen i år måtte fiskast i norsk sone. Det igjen har ført til auka drivstofforbruk på grunn av at ein har brukt meir tid på å leite og finne fisken, seier Maråk.
I innlegget sitt retta han også ein peikefinger mot politikarar som vil auke CO2-avgifta for fiskeflåten.
- Vi får ofte som svar at dei skal lette på andre skattar og avgifter, slik at det samla skattertykket skal bli mindre, men vi må ha ordningar som er treffsikre, slik at det er rom for å investere i ny teknologi. For å seie det litt spøkefullt, så vil ikkje ei styrking av pendlarfrådraget hjelpe så mykje for fiskeflåten, seier Maråk.
Källa: Fiskebåt.no