Mobilmenu
Mobilmenu
Hem
Nyheter
Om SFPO
Om Svenskt fiske
Medlemsinfo
Projekt
Länkar
Kontakt

Nyheter


2024-05-28

Beslagla eitt tonn smuglarfisk på ei veke – mistenker organisert verksemd

Tolletaten meldar om omfattande fiskesmugling ut av Noreg, trass bøter på over 100.000 kroner. Nord Fiskarlag slår alarm.

– Berre den seinaste veka har vi beslaglagt eitt tonn med rein fiskefilet. Sånn som det ligg an nå, trur eg vi kjem til å ta beslag i rekordstore mengder denne sesongen.

Det seier områdeleiar for Tolletaten i nord, Tom Olsen.

Førre helg blei sju polske fritidsfiskarar tatt i tollen på Helligskogen, ved grensa mellom Noreg og Finland.

Dei var på tur ut av landet med 383 kilo torskeloins i bagasjen.

I 2022 blei det beslaglagt litt over 9000 kilo fisk totalt i Noreg, medan det i 2023 blei beslaglagt litt over 6500 kilo.

Så langt i år har Tolletaten i nord beslaglagt 4000 kilo. Det største var på over 1000 kilo rein filet.

– Da er det snakk om 13–14 tonn dei har fiska for å få så mykje filet, seier Olsen.

Ifølge rapportane Tolletaten får frå kaiane, blir resten av fisken kasta.

– Det er klart at det ikkje er berekraftig, seier Olsen.

Fann brosjyrar og løpesetlar

Fisketuristar kan ta med seg 18 kilo fisk ut av Noreg to gonger i løpet av eit kalenderår.

– Vi har ingen grunn til å tru at fisketuristane ikkje er klar over reglane. Men når du da enkelt og greitt berre kan trekke visakortet og gjere opp for deg før du køyrer vidare, så verkar det som at det kan vere ein kalkulert risiko, seier Olsen.

Den største bota fisketuristar har fått i år, er på 150.000 kroner. Ofte er bøtene mellom 75.000 og 100.000 kroner.

Olsen seier tollarane har funne brosjyrar og løpesetlar med tilbod om å kjøpe fersk fisk levert direkte frå norske fjordar.

– Det er observasjonar som tilseier at det kan vere organisert verksemd.

Meiner turistfiske er næringsfiske

Leiar av Nord Fiskarlag, Roger Hansen, er svært bekymra over den auka mengda med beslag som blir gjort.

– Når dei avdekker brosjyrar i bilane som synleggjer at dette skal vidare for sal, så stadfestar det at dette er eit slags næringsfiske, seier Hansen.

– Og slik som turistfisket utviklar seg nå, så fryktar eg eigentleg for at det er mykje større mørketal.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) er også bekymra.

– Fiskesmugling er både miljø- og økonomisk kriminalitet, seier ho.

Ministeren meiner også at smuglinga gjer det vanskeleg å ha god oversikt over ressursuttaket frå havet.

– Det igjen undergrev forvaltinga av dei kystnære fiskebestandane våre, og ikkje minst næringsgrunnlaget til kystfiskarane, seier ho.

– Det er også viktig å få fram at det øydelegg for dei seriøse aktørane innanfor reiselivet og dei som driv med fisketurisme.

– Nesten ein sjarkkvote

Hansen i Fiskarlaget er også klar på at når fisketuristane tar opp så stort volum, så øydelegg det for kystfiskarane.

– Dersom ein tar eit beslag på 1000 kilo loins og det er fiska kystnært, så er det nesten ein sjarkkvote i open gruppe, seier han.

Han håper turistfiske blir strengare kontrollert, men forstår at det kan vere utfordrande å gjere i praksis.

– Eg veit ikkje kor mange fiskekjøparar vi har i Noreg, men vi har cirka 1100 fisketuristbedrifter. Så det er klart at det skal alvorleg mykje til for å halde kontroll på det, seier Olsen.

– Eg trur det einaste ein kan gjere er å seie det at her må vi avgrense høve til å ta med fisk ut av landet, til berre troféfisk.

– Fiskesmugling skal vi slå hardt ned på

Fiskeri- og havministeren tar Hansen si bekymring på alvor, og seier at Fiskeridirektoratet nå held nå på med ein gjennomgang av regelverket.

– Fiskesmugling skal vi slå hardt ned på. Den utviklinga som blir skildra her, kan vi ikkje akseptere, seier ho.

– Men så er det viktig å trekke fram at det også er seriøse aktørar som følger alt av regelverk og som har god samhandling med lokale bedriftene og vertskommunane.

Sivertsen Næss seier ho skal følge opp saka så snart Fiskeridirektoratet har samla inn nok kunnskap.

– Når det gjeld fisketurisme, må det vere eit mål at det skal handle meir om opplevinga og ikkje om volum, seier ho.

Det signalet er Hansen svært glad for å høyre.

– Eg trur vi må marknadsføre betre at du kan komme hit og oppleve naturen vår og fiske den fisken du klarer å ete mens du er her, seier han.

– Så kan turistane sjå norsk fisk sitt heimland, tenke at ein har vore i Noreg og fiska den der, og så kjøpe den over disk i butikken.

 

Källa: NRK




Arkivet.

Vad är SFPO?

Sveriges Fiskares Producentorganisation (SFPO) är Sveriges största organisation för yrkesfiskare och arbetar för att tillvarata våra medlemmars intressen.

Läs mer

Bli medlem

SFPO är Sveriges största yrkesfiskeorganisation, med runt 250 medlemsfartyg. Vi har medlemmar från Strömstad till Haparanda och fartygens storlek varierar från under 5 meter i längd till strax över 34 meter.

Alla yrkesfiskare är välkomna som medlemmar!

Läs mer

Kontakta oss

Peter Ronelöv Olsson (Ordförande)
0705-55 31 87
[email protected]

Teija Aho (Vice Ordförande)
0763-75 80 32
[email protected]

Fredrik Lindberg (Ombudsman)
0705-70 41 14
[email protected]

Marika Nilsson (Ekonomiansvarig)
0708-93 89 88
[email protected]

Ingemar Berglund (Utredare)
0760-26 40 44
[email protected]

Mathias Ivarsson (Ombudsman)
0707-77 19 32
[email protected]

Läs mer