Nyheter
Fiskeflåten går for hybrid
To hybride havgåande fiskebåtar er kontrahert, og ein tredje er på veg. Fiskeflåten er offensive med å ta i bruk ny miljøteknologi.
Nybygget til Atlantic Longline AS i Ålesund blir det første hybride linefartøyet. Fartøyet med ei lengde på 62.80 meter, skal i tillegg kunne fiske med snurrevad, og blir den største som så langt er bygd i si klasse. Ved å ta i bruk batteriteknologi vil reiarlaget spare fleire titals tonn diesel i året. Dette fører til kraftige reduksjon i utslepp av klimagassar.
- Vi er svært opptatt av å få klimagassutsleppa så lave som mogleg. Batteripakken som kjem om bord i Atlantic vil først og fremst avlaste hovudmotoren, slik at den kan gå jamnare og på eit meir gunstig turtall. Til dømes når vi går i ruskete sjø vil dette ha stor innverknad. I tillegg til batteripakken har vi gode system for gjenbruk av varme, og vi har den beste teknologien for å redusere NOx-utsleppa, seier Kjell-Gunnar Hoddevik, skipper og dagleg leiar i Atlantic Longline.
Miljøteknologi
Fleire fiskebåtreiarar satsar på miljøvennlege og energieffektive løysingar når dei bygger nytt. Reiarlaget Lie Gruppen i Hordaland, har nyleg kontrahert ein hybrid snurpar som vekslar mellom LNG og straum.
- For oss er det viktig å vere i forkant når det gjeld å ta i bruk miljøteknologi. Ved å ta i bruk LNG med elektrisitet, tar vi eit langt steg i retning av å redusere klimagassutsleppa. NOx-utsleppa blir redusert med 90 prosent og CO2-utsleppa med 20 prosent, seier dagleg leiar i Liegruppen fiskeri, Ole Christer Lie.
Offensive reiarar
Miljøutfordringane er også hovudtema når Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon held årsmøte 14. og 15. februar.
- For Fiskebåt er det viktig å vere offensive, når det gjeld å ta i bruk ny teknologi for å redusere utsleppa av klimagassar. Alle som bygger nytt, prøver å finne løysingar som gjer at forbruket av drivstoff blir så lavt som mogleg. For oss er dette eit prioritert område, og vi er difor glade for at klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) vil halde hovudinnlegget på årsmøtet vårt, seier Audun Maråk, dagleg leiar i Fiskebåt.
Fiskebåt jobbar for at fleire reiarar skal ta i bruk nye og meir energieffektive løysingar. Dette arbeidet skjer mellom anna gjennom partnerskapsprogramet Grønt Kystfartsprogram, som blir administrert av DNV GL.
Fakta om Atlantic:
- Fartøyet er 62,80 meter lang og 14,0 meter brei.
- Er utstyrt for å fiske både med line og snurrevad.
- Har hybrid framdriftssystem som kombinerer diesel og elektrisitet.
- Blir bygd ved verftet Tersan i Tyrkia.
- Planlagt levering er i oktober 2019.
- Skipet er designa ved Skipsteknisk i Ålesund.
Fakta om Libas
- Fartøyet er 86 meter lang og 17,80 meter brei.
- Er utstyrt som snurpar og for både singel- og dobbeltrål
- Har hybrid framdriftssystem som kombinerer LNG og elektrisitet.
- Har ein 350 cum LNG tank.
- Blir bygd ved Cemre i Tyrkia.
- Skipet er designa av Salt Ship Design på Stord.
Länk: http://www.fiskebat.no/Default.asp?page=9752&item=64862,1&lang=1