Nyheter
Fiskeflåten må rekne med dyrare drivstoff framover
Drivstoffkostnader utgjer ein stadig større del av dei totale driftskostnadene for havfiskeflåten, og slik vil det truleg halde fram. Globalt er det energimangel, trass stor satsing på nye energikilder, seier rådgivar i Fiskebåt Kay Ove Hafsås.
Han viser til at dieselprisar på godt over 10 kroner literen inkludert avgifter, blir den nye normalen om få år. For havfiskeflåten er det difor viktig å få kompensert dette, for å sikre konkurransekrafta overfor utanlandske fartøy.
- Viss den norske fiskeflåten må betale meir i drivstoffavgifter enn det andre nasjonar krev inn, kan det føre til fleire uheldige konsekvensar. Norge kan mellom anna stå i fare for å ikkje kunne nytte tilgjengelege kvotar fordi dei blir for dyre å hauste. Ifølge havrettstraktaten kan då andre land kreve tilgang til desse kvotane. Då risikerer ein at utanlandsk flåte med ingen eller lågare drivstoffavgifter enn den norske, tar over dette fisket samtidig som dei globale utsleppa aukar, seier Hafsås.
Ønskar ikkje kortvarig støtte
Fiskebåt ønskar likevel ikkje kortvarige støtteordningar, som vil føre til meir offentleg pengebruk og som i neste omgang kan slå tilbake i form av høgare renter, og dermed gi ein enda lågare driftsmargin for flåten.
- Dei nærnorske avgiftene er likevel noko ein kan gjere noko med, slik at det blir meir samsvar med andre konkurrerande land. For Fiskebåt er det også viktig å peike på at det er ein samanheng mellom utslepp og politikk. Vi ser at det er ein del fiskeripolitiske mål som vil føre til auka utslepp av klimagassar, seier Hafsås og viser til følgande:
- Ønske om å utvide sesongane
- Restråstoffet skal bringast til lands
- Ingen auke i kvotetak
- Manglande kvotefleksibilitet
- Auka bruk av fjordlinjer/havdeling
- Stengte områder for vern av botnhabitat
Klimaavtale
Fiskebåt har tidlegare arbeid for at auke i avgifter på klima må føre til reduksjon i andre avgifter, slik at den totale belastninga blir det same. I fjor blei det tatt initiativ til ein klimaavtale mellom fiskeflåten og styresmaktene, der flåten forpliktar seg til å redusere utsleppa av klimagassar fram mot 2030, samtidig som styresmaktene legg til rette for ei slik utvikling. Her ligg mellom anna inne eit forslag om å etablere eit CO2-fond etter modell av NOx-fondet, der flåten betalar avgift, men at pengane går inn i eit fond som ein kan søke støtte frå.
Her kan du sjå presentasjonen som Hafsås heldt på det pelagiske medlemsmøtet i Fiskebåt, 13. mai.
Källa: Fiskebåt