Nyheter
Forskarane tilrår kraftig kutt i fiske – ikkje nok for Kystfiskarlaget
Den naturlege nedgangen i torskebestanden er så stor at kvotekuttet burde vore større enn det forskarane tilrår, meiner Kystfiskarlaget.
Ein kvotereduksjon på 20 prosent er ikkje nok for leiar Tom Vegar Kiil i Noregs Kystfiskarlag. Han meiner nedgangen i torskebestanden er så stor at hardare lut må til.
Kiil viser blant anna til at det er ein norsk-russisk forvaltningsregel som set grenser for kvoterådet frå forskarane.
Ifølge regelen kan ikkje kvoten for nordaustarktisk torsk – til dagleg kalla skrei – endrast med meir enn 20 prosent frå det eine året til det neste.
Det gjeld både når kvotane er på veg opp – og på veg ned.
Nesten 100 000 tonn lågare
Torskekvoten i 2023 er på 566.784 tonn. Norske og russiske havforskarar sitt råd for 2024 er på 453.427 tonn.
Det er innanfor forvaltningsregelen om 20 prosent endring.
– Dersom vi hadde sett bort frå forvaltningsregelen, ville kvoterådet for neste år vore på 355.000 tonn, seier forskingsdirektør Geir Huse i Havforskingsinstituttet.
Det er nesten 100.000 tonn mindre, og bortimot 40 prosent lågare enn kvoten for 2023.
Torsken lever lenge
Norske og russiske styresmakter har innført forvaltningsregelen for å sikre stabilitet for fiskarane.
Kiil i Kystfiskarlaget seier store svingingar har vore ei problem for fiskarane, også når kvotane er på veg oppover. Det var tilfelle då torskebestanden auka kraftig for omtrent ti år sidan.
– På eitt år blei torskekvoten bortimot fordobla. Samtidig raserte vi prisen, fordi vi ikkje hadde følgt oppgangen i bestanden raskt nok. No ser vi at nedgangen går raskare enn vi klarer å redusere kvotane, og det er bekymringsfullt, seier Kiil.
Torsken er ein såkalla lengelevande art og kan bli meir enn 20 år gammal.
Den naturlege dødelegheita er mindre enn for kortliva artar som til dømes lodde. Dermed kan også kvoteendringane tøyast over ein lengre periode enn for dei kortliva artane.
Ikkje rask nok kvotenedgang
I 2013 bestemte Noreg og Russland at det kunne fiske éin million tonn skrei.
Det er framleis rekord, og kvotane heldt seg på eit høgt nivå i fleire år. Dei siste åra har kvotane gått ned.
Fiskarane har likevel vore nøgd, fordi auka prisar har kompensert for kvotenedgangen.
Samstundes har regelen om maks 20 prosent nedgang frå år til år gjort at kvotereduksjonen har vore mindre enn han elles ville vore, meiner Kiil.
– Vi fiskar for mykje torsk i forhold til det vi burde gjere, seier han.
Forvaltningsregelen
Ekspander/minimer faktaboks
På 1990-talet varierte kvotane for torsk og andre arter i Barentshavet mykje frå år til år. Den norsk-russiske fiskerikommisjonen ville at vilkåra for fisket blei meir stabile og føreseielege.
I 2002 blei forvaltningsregelen (også omtalt som «handlingsregelen») vedtatt. Regelen er eit forvaltningsmessig tiltak som skal sikre ei stabil og føreseieleg i hausting av fisken.
For torsken i Barentshavet er det bestemt at kvoten ikkje skal auke eller minke med meir enn 20 prosent frå eitt år til det neste.
Kjelde: Heimesida til den norsk-russiske fiskerikommisjonen og hi.no
Fiskarlagsleiaren: – På trygg grunn
Leiar Kåre Heggebø i Noregs Fiskarlag meiner det er rett av både forskarar og styresmakter å halde seg til den norsk-russiske forvaltningsregelen når kvotane skal fastsettast.
Då vil ikkje kvotane hoppe opp og ned frå år til år.
Han meiner også at forskarane handlar rett når dei følger forvaltningsregelen.
– Vi er på trygg grunn når vi følger råda forskarane har gitt.
Heggebø ser ingen grunn til å sjå bort frå forvaltningsregelen, fordi den gjer det mogleg å forvalte lengelevande artar på klokast mogleg vis.
– Det gjeld for torsk, og det gjeld for sild og makrell, seier han.
Kan komme brått
Dersom gytebestanden (fisk som er vaksen nok til å formeire seg) kjem under det såkalla «føre-var-nivået», må norske og russiske styresmakter må sjå bort frå forvaltningsregelen.
Føre-var-grensa for gyteklar skrei er 460.000 tonn. Til neste år er gytebestanden venta å bli på nesten 590.000 tonn.
Alarmen går når gytebestanden kjem under føre-var-nivået. Leiaren i Kystfiskarlaget trur det kan skje brått, kanskje i 2025.
– Da kan kvotane bli redusert med 40 prosent, noko som burde skjedd allereie for årets kvotar, seier han.
Kiil er samd i prinsippet om at styresmakter og forskarar skal ta omsyn til fiskerinæringa sitt behov for stabilitet, fordi det er med på å balansere kunnskapen til fiskarar og forskarar.
I dag er det ikkje rette medisinen for Kystfiskarlaget.
– No ser begge partar at det går feil veg. Då må vi ta grepa som trengst, seier han.
KVOTAR: Oversikt over forskarane sine kvoteråd og dei fastsette kvotane. I nokre år har kvoterådet og den fastsette kvoten vore det same. I andre år har den fastsette kvoten vore høgare enn kvoterådet.
Dårleg rekruttering til bestanden
For ti år sidan var torskekvoten på éin million tonn. Forskarane sitt kvoteråd for 2024 er under halvparten av dette.
Forskingsdirektør Geir Huse i Havforskingsinstituttet forklarer det med svak rekruttering.
Torskebestanden har rett og slett ikkje klart å fornye seg dei siste ti åra.
– Trass i ein rekordstor gytebestand i 2013 og 2014, har det gått fort nedover fordi det ikkje har vore tilvekst av nye rekruttar, seier Huse.
Havforskarane definerer treåringane som «rekruttar». Då er dei store nok til å bli rekna som ein del av torskebestanden.
– Det har vore ei rekordlåg rekruttering til bestanden, spesielt når ein ser det i forhold til talet på gytarar, det vil seie foreldre. Det har altså vore dårleg avkasting i bestanden dei siste ti åra, seier forskingsdirektøren.
– I vår blei det rapportert om godt fiske, spesielt utanfor Finnmark. Var det berre eit blaff?
– Nei, eg trur det ein del av ein trend som held fram, og at skreien har fått ei meir nordleg gyting. Vi reknar med at trenden vil fortsette, seier Huse.
– Gjeld det også for andre artar?
– Ja. Makrellen har blitt meir nordleg og har spreidd seg over store delar i det nordlege Norskehavet, og gyter til dels i Norskehavet. Vi ser også at silda har gytt rekordlangt nord, og det var svært lite gyting sør for Røst. Det skjer ei heilt klar flytting nordover for dei kommersielle bestandane, avsluttar Huse.
Källa: NRK