Mobilmenu
Mobilmenu
Hem
Nyheter
Om SFPO
Om Svenskt fiske
Medlemsinfo
Projekt
Länkar
Kontakt

Nyheter


2023-09-13

Havvind: Manglar kunnskap om korleis fiskeria blir påverka

Kunnskapen vi har i dag, kan ikkje svare på spørsmåla fiskarane har om korleis havvindutbygginga kan påverka fiskeria. 

–  Vi veit for lite i dag om korleis havvind vil påverka fiskeria, seier HI-forskar Anne Christine Utne Palm.  

– Vi manglar kunnskap om kva effektar til dømes støy, elektromagnetisk stråling frå kablane og mindre vind eller endra straum-mønster vil ha å seie. 

HI-forskaren har leia arbeidet med ein ny rapport der målet har vore å beskriva kva konsekvensar havvindparkane i Hywind Tampen, Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord vil ha å seie for fiskerinæringa utifrå dagens kunnskapsgrunnlag – og finne kva kunnskap som manglar. 

I arbeidet har havforskarane også intervjua fiskarane som fisker i dei aktuelle områda, for å få erfaringsbasert lokalkunnskap om fiskeria i dei tre ulike områda.

Fiskarane har mellom anna fortalt om sesongar, fiskeområde, kva artar dei fiskar etter, straum og andre særpreg lokalt. 

Det finst lite forsking på havvind og fiskeri 

– Det er svært få studiar i verda som ser på kva effekt havvind har på fiskeri, og av desse er det, kva vi har funne, ingen som har inkludert fangstdata, seier Utne Palm. 

Av den forskinga som har blitt gjort hittil, er det tydeleg at havvindanlegg kan påverka økosystemet lokalt. 

– Men vi veit ikkje kor stort det påverka området blir, og om dei effektane ein ser lokalt vidare kan føra til effektar på heile bestandar og større områder. Kor stor utbygginga er, vil sjølvsagt spele inn i dette. 

Ein veit at ulike artar reagerer ulikt på – for eksempel støy, elektromagnetisme eller endra straum. 

 – Truleg vil nokre artar vinne på ei utbygging, medan andre blir negativt påverka. 

Fiskarane kritiske til Hywind Tampen  

Fiskarane som deltok i undersøkinga var opptekne av at ein i vidare forsking hadde eit så langt tidsperspektiv som mogleg. 

– Dei meinte at dersom ein berre nyttar fangsdata frå dei siste fire, fem åra, vil ein gå glipp av mykje informasjon, fordi fiskeria endrar seg frå år til år, og over lengre periodar. Eit døme var norsk vårgytande sild, som har endra vandringsmønster for ei tid, for seinare å gå tilbake til si «vanlege» løype, forklarar Utne Palm. 

Fiskarane var oppteken av å unngå utbygging i viktige vandrings- og gyteområde.

Dei var også opptekne av at ein ikkje bør bygge ut i leve- og gyteområda til nøkkelarten tobis, som er mat for viktige kommersielle artar som torsk, sei og hyse. Tobisfelt er dermed ofte gode fiskeplassar. 

– Fiskarane meinte at Hywind Tampen er eit døme på dårleg sameksistens mellom havvind og fiskeri. Her blei ikkje fiskarane høyrt i forbindelse med plasseringa, slik at vindparken blei plassert på tvers av fiskefelt. Fiskarane er opptekne av at ein unngår å setje behova til dei to næringane opp mot kvarandre etter kvart som ein skal byggja meir ut, og meinte at det bør være plass nok for begge næringar.  

Meir forsking er medisinen mot kunnskapshol 

Havforskarane landa altså på at dagens kunnskapsgrunnlag er for spinkelt til at ein kan gje gode svar på spørsmåla frå fiskerinæringa. 

«Medisinen» er også klar, og kanskje ikkje så overraskande: Det trengst meir kunnskap. 

 – For å få svar på kva effektane av havvindanlegg vil vera, må vi gjera forstudia over fleire år og sesongar. Vi må følgje med korleis fisk, miljø og økosystem utviklar seg gjennom utbygging og over i driftsfasen, avrundar HI-forskaren. 

 

Källa: Havforskningsinstituttet




Arkivet.

Vad är SFPO?

Sveriges Fiskares Producentorganisation (SFPO) är Sveriges största organisation för yrkesfiskare och arbetar för att tillvarata våra medlemmars intressen.

Läs mer

Bli medlem

SFPO är Sveriges största yrkesfiskeorganisation, med runt 250 medlemsfartyg. Vi har medlemmar från Strömstad till Haparanda och fartygens storlek varierar från under 5 meter i längd till strax över 34 meter.

Alla yrkesfiskare är välkomna som medlemmar!

Läs mer

Kontakta oss

Peter Ronelöv Olsson (Ordförande)
0705-55 31 87
[email protected]

Teija Aho (Vice Ordförande)
0763-75 80 32
[email protected]

Fredrik Lindberg (Ombudsman)
0705-70 41 14
[email protected]

Marika Nilsson (Ekonomiansvarig)
0708-93 89 88
[email protected]

Ingemar Berglund (Utredare)
0760-26 40 44
[email protected]

Mathias Ivarsson (Ombudsman)
0707-77 19 32
[email protected]

Läs mer