Nyheter
Klippfiskprodusentane manglar råstoff
Klippfiskprodusentane her i landet manglar råstoff. Det hastar med å få sikre betre leveransar, meiner næringa.
– I dag er det altfor vanskeleg å få tak i råstoff. Om vi skal ha ein norsk klippfiskindustri, må vi få betre tilgang til råstoffet, seier Jacob Bjørge Høyberg, dagleg leiar i verksemda Jacob Bjørge på Ellingsøya i Møre og Romsdal, til nettavisa nett.no.
Verksemda har produsert klippfisk sidan 1937.
90 prosent av norsk klippfiskeksport kjem frå Ellingsøya og Ålesund. Brasil og Portugal er dei store marknadene.
– Om vi skal bevare norske arbeidsplassar på land, må vi få vere med å by på fisken, seier Bjørge Høyberg.
Stadig meir av torsken dei siste åra har vorte omsett utanfor auksjonssystemet ved at reiarlaga har direkte leveransar. Det er også ei utfordring at mykje fisk vert send til Kina for vidareforedling.
– Det minkar på den fisken som det er mogleg for å oss å nå tak i.
Fiskeriminister Harald Tom Nesvik ser problema med råstofftilgangen, men meiner at det beste er om fiskarane, mottaksanlegga og salslaga i fellesskap finn ei løysing.
Länk: https://www.nationen.no/naering/klippfiskprodusentane-manglar-rastoff/