Nyheter
Mykje småreker i sør kan vere godt nytt
Det er for tida mykje småreker under minstemålet i rekefangstene i Nordsjøen og Skagerrak. Andelen reker under minstemålet har vore over 70 prosent i enkelte prøvehal. Dette både uroar og gleder fiskeristyresmaktene.
- Det er gode fangster, men store mengder reker under minstemålet på 6,5 cm. Det uroar oss at det er så mykje reker under minstemålet og at seleksjonsinnretningane i reketrålen ikkje ser ut til å vere effektive nok. Men samstundes kan dette tyde på at 2018-årsklassen av reker i Nordsjøen og Skagerrak er svært god og det bør love godt for rekefisket i sør framover, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.
Stengte områder
Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste overvakar rekefisket i sør med inspektørar om bord på utvalde fartøy. Fangster tatt dei siste vekene viser nesten utan unntak stor andel småreker. Dette har medført at områder blir stengt for reketråling i periodar – såkalt Real Time Closure (RTC). Fiskarane deler fiskeristyresmaktene si uro og er difor bevisste på situasjonen, og fleire rekefiskarar har gitt klart uttrykk for at dei støttar bruken av RTC.
- Vi oppmoder flåten til å vise ekstra aktsemd og prøve å unngå tråling i omåder med mykje småreker. I tillegg vil Sjøtjenesten i desse dagar leige ein reketrålar og starte ei meir omfattande overvaking på rekefelta i Nordsjøen og i Skagerrak, seier Holmefjord.
Bør vente til hausten
Rekene som det blir fiska på no og som er under minstemålet vil kunne vere fiskbare alt til hausten. Det kan difor vere lurt at det no ikkje er eit unødvendig fiskepress på denne størrelsesgruppa reker. Ved å vente nokon månader til denne årsklassen har utnytta sitt vekstpotensiale vil ein samstundes kunne få igjen ein merkbar verdiauke av det som blir fiska og landa.
Ved dei første stengingane har flåten fått dispensasjon frå stenginga dersom dei har innmontert seleksjonsrist for utsortering av reker under minstemålet. Men prøver av fangstane viser at dette ikkje har hatt ønska effekt.
I områder som for tida er stengt er det difor ikkje opna for slik dispensasjon. Prøvefisket til Sjøtjenesten og fangstrapportar frå reketrålflåten vil avgjere om det kjem fleire stengingar framover.
Länk Fiskeridirektoratet: https://www.fiskeridir.no/Yrkesfiske/Nyheter/2019/0319/Mykje-smaareker-i-soer-kan-vere-godt-nytt
Länf danska Fiskeritidende: Der er mange små rejer i Nordsøen og Skagerrak