Nyheter
Noreg vil i gang med fiskerisamtalar med EU
Medan EU og Storbritannia held på med skilsmisseoppgjeret, har Noreg byrja å snakke med britane om fisk. Fiskeriministeren vil òg byrje dialogen med EU.
– No blir vi tre kyststatar i staden for to, og vi ønskjer å bli involvert, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) til NTB etter at han var i videomøte med EUs fiskerikommissær måndag.
– Vi er godt i gang med Storbritannia, der eg har hatt møte med fiskeriministeren, og det er direkte dialog. Vi håpar òg å komme i gang med dette overfor EU, var bodskapen frå statsråden til Virginijus Sinkevicius.
– Vi har klare mål om eit føreseieleg avtaleverk. Føreseielege vilkår og gode rammer er viktig for berekrafta. Noreg baserer seg veldig på vitskaplege råd, noko som har vist seg veldig fornuftig over tid. Det er ingen som ønskjer overfiske med etterfølgjande kriseår, forklarer fiskeriministeren.
Målet er å få ting på plass før Storbritannia er heilt ute av EU ved årsskiftet. Ingebrigtsen håpar alle tre partar kan bli samde om ein avtale.
I tillegg til forvaltning av fiskebestandane, er gode løysingar for handel med fisk og sjømat viktig for Ingebrigtsen i møte med EU.
– Vi har eit greitt digitalt system for eksport og trur det kan vere nyttig i utviklinga av EUs eige system. Vi ønskjer at det skal flyte lettare for eksportbedriftene våre og når vi skal importere, seier han.
Källa / Länk:
Fjordabladet.no / Noreg vil i gang med fiskerisamtalar med EU