Nyheter
2017-11-24
Opnar for olje i omstridt fiskefelt
Miljøverndepartementet opnar for at Statoil kan bore etter olje på Vikingbanken. Styreleiar i Fiskebåt, Jonny Berfjord er skuffa.
- Ja, det er klart vi er skuffa. Vi hadde venta at klagen vår på vedtaket frå Miljødirektoratet skulle få medhald i departementet. Dette er eit område som har vore stengt for fiske i fleire år, for å verne om fiskeinteressene i området, seier Berfjord.
Samla motstand
Eit samla fiskerimiljø med Fiskebåt, Fiskarlaget, Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet, har gitt klare råd mot oljeaktivitet i det aktuelle området. Feltet rundt Viktingbanken er eit viktig gytefelt for Tobis. Fisken held til på sandbotn og ligg i stor grad av tida nedgravd i botnen.
- Det framstår difor som merkeleg at Statoil no får løyve til aktivitet med fare for utslepp, berre 300 meter frå eit tobisfelt, seier Berfjord.

Länk till nyehten med mer information: http://www.fiskebat.no/Default.asp?page=9752&item=64662,1&lang=1