Mobilmenu
Mobilmenu
Hem
Nyheter
Om SFPO
Om Svenskt fiske
Medlemsinfo
Projekt
Länkar
Kontakt

Nyheter


2024-11-22

Rår om auka kvote på reker i Barentshavet

Havforskarane rår om at det maksimalt bør verte fiska 150 000 tonn reker i Barentshavet i 2025.

I 2025 rår havforskarane om ein kvote på maksimalt 150 000 tonn reke. Det er 7000 tonn høgare enn den tilrådde kvoten for 2024. 

– Rekebestanden i Barentshavet held seg stabil på eit ganske høgt nivå, forklarar havforskar Fabian Zimmermann. 

Det bilaterale kvoteråd er gjeve av den norsk-russiske fiskerikommisjonen. I dag er det ikkje nokon felles totalkvote på rekefisket i Barentshavet, og kvoterådet får difor avgrensa tyding. 

Auka rekeinteresse etter kvotekutt 

Det norske fiskeriet står framleis for mesteparten av rekefangsten i Barentshavet. I dei seinare åra har derimot fleire land meldt seg på: 

– Vi ser at landingane både i Noreg, Russland og særleg EU har auka over dei siste åra, seier Zimmermann og held fram: 

– Både interessa og rekefangstane har auka betydeleg etter at det har vore store kvotekutt på andre viktige bestandar. 

Fangstar under råd

Fangstane plar likevel ligge godt under den tilrådde kvoten. 

I 2024 var den tilrådde kvoten 143 000 tonn, medan den forventa fangsten i år er 83 000 tonn. Det er likevel eit byks opp frå totalfangsten året før: 73 000 tonn reke i 2023. 

Den store forskjellen mellom kvoteråd og historiske fangstar er ei særskild utfordring i bestandsvurderinga: 

– Vi veit ikkje heilt korleis bestanden toler ei betydeleg høgare beskatning, noko som aukar usikkerheita i kvoterådet. Det er difor viktig å følgje nøye med på korleis det høgare fangstnivået kjem til å påverke bestanden, seier havforskaren.


Länk till dokumentet.

 

Källa: Havforskningsinstituttet




Arkivet.

Vad är SFPO?

Sveriges Fiskares Producentorganisation (SFPO) är Sveriges största organisation för yrkesfiskare och arbetar för att tillvarata våra medlemmars intressen.

Läs mer

Bli medlem

SFPO är Sveriges största yrkesfiskeorganisation, med runt 250 medlemsfartyg. Vi har medlemmar från Strömstad till Haparanda och fartygens storlek varierar från under 5 meter i längd till strax över 34 meter.

Alla yrkesfiskare är välkomna som medlemmar!

Läs mer

Kontakta oss

Peter Ronelöv Olsson (Ordförande)
0705-55 31 87
[email protected]

Teija Aho (Vice Ordförande)
0763-75 80 32
[email protected]

Fredrik Lindberg (Ombudsman)
0705-70 41 14
[email protected]

Marika Nilsson (Ekonomiansvarig)
0708-93 89 88
[email protected]

Ingemar Berglund (Utredare)
0760-26 40 44
[email protected]

Mathias Ivarsson (Ombudsman)
0707-77 19 32
[email protected]

Läs mer