Departementet inviterer høyringsinstansane og andre til å uttale seg om dei alternative tiltaka som er skisserte i høyringsbrevet. Det er i dag eit krav om reketrålløyve for å drive fiske etter reker i Barentshavet for fartøy over 19,81 meter. Dei alternative tiltaka er å trekkje tilbake passive reketrålløyve, heve lengdegrensa for krav om løyve, oppheve lengdegrensa og dermed kravet om løyve, eller oppheve lengdegrensa og kravet om løyve og i tillegg gjere ei samla tilbaketrekking av alle reketrålløyve.

 

– Når tildelte reketrålløyve over tid ikkje vert nytta i særleg grad, så fell grunngjevinga for gjeldande ordning med reketrålløyve bort. Det er derfor naturleg å vurdere å oppheve slike reguleringar som ikkje har særleg funksjon og i tillegg hindrar nye aktørar å etablere seg i fisket, seier Sandberg.

Länk: https://www.kystmagasinet.no/nyheter/auke-fisket-reker-barentshavet/